NNE Skrifter 7

Filologi og hermeneutikk

red. av Odd Einar Haugen, Christian Janss og Tone Modalsli (Oslo 2007)

ISBN 978-82-560-1576-4
ISSN 1601-1562


Filologi og hermeneutikk tek opp til drøfting forholdet mellom filologi og hermeneutikk, to disiplinar som kvar for seg har lange tradisjonar. Hermeneutikken har gått frå å vere ein filologisk metode – forklaring av vanskeleg tilgjengelege skrifter – til å bli ei allmenn, filosofisk framstilling av kva forståing er og kan oppnå, samstundes med at filologien har utvikla seg til eit spesialisert fagområde. I dag vert hermeneutikken hovudsakleg forvalta i fag som litteraturvitskap, filosofi og teologi, medan filologien, og i særleg grad edisjonsfilologien, i stigande grad har hamna i ytterkantane av dei akademiske institusjonane. Bidraga i boka ser nærare på forholdet mellom filologi og hermeneutikk i lys av at dei har skilt lag som disiplinar, men likevel heng nært saman på eit praktisk og teoretisk plan. Med eksempel frå ulike tekster, forfattarar og fag gjev boka eit riss av både metodologiske problem og praktiske vanskar. Bidraga viser at horisonten til lesarane og utgjevarane og deira forståing av teksten er avgjerande for kva dei oppfattar som rett og gale i ein tekst, som viktig eller uviktig. På same tid verkar teksten sjølv inn på korleis han skal lesast, gjennom den materielle sida, eller også gjennom bakanforliggjande ideologiske, maktpolitiske og teologiske moment.

Innhald

Boka kan tingast hos Solum forlag